Kjære hospitant! Vi er glad for å kunne ønske deg velkommen til utdanningsval ved Førde vidaregåande skule i veke 12, måndag og tysdag 17.-18. mars. Du vil på denne sida finne informasjon og program knytt til dei ulike programområda ved skulen. Det blir mogleg å kjøpe mat i kantina begge dagane. Vi håper du vil få nokre kjekke og informative dagar hos oss, og at vi vil sjå deg igjen som elev ved Førde vidaregåande skule ved eit seinare høve. Velkommen til utdanningsval!
I vår har du fått velje hospitering med utgangspunkt i følgjande fire alternativ:
- Alle studieområda ved Førde vidaregåande skule
- Bygg og anleggsfag ei heil veke (maks 50 elevar)
- Teknikk og industriell produksjon, to ordinære dagar (maks 30 elevar)
- Naturbruk, to ordinære dagar.
Her er tidsplanen for dei som skal besøke alle studieområda ved Førde vgs.
Oppmøte ved skulestad Førde
Det blir oppmøte i «hjarterommet» ved Førde vidaregåande skule kl. 08.20. Hjarterommet ligg plassert ved kantina i 1. etasje, mellom inngang A og inngang B. Her vil du finne nokon med eit «fargeskilt» for det første programområdet som du skal møte opp til.
Sjå korleis du finn fram på avdeling Førde
Oppmøte ved skulestad Mo
Dette gjeld elevane som har valt Naturbruk. Ved avdeling Mo blir det oppmøte i hallen kl. 08.20.
Sjå korleis du finn fram på avdeling Mo
Programområde
NB: program vil bli lenkja opp under her i dagane før utdanningsval.
Program for KDA: Kunst, design og arkitektur
Program for MK: Medium og kommunikasjon
Program for ST: Studiespesialisering
Program for SSR: Sal, service og reiseliv
Program for HO: Helse og oppvekstfag
Program for TIF: Teknologi- og industrifag
Program for BA: Bygg- og anleggsteknikk
Program for Elektro og datateknologi