Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.
Likar du natur og dyr er naturbruk vegen å gå! Moglegheitene vidare er mange og du vil på mange måtar få eit anleis studie. Det er lagt inn mykje praksis og ulike aktivitetar i studiet.
Ved Førde vgs på Mo kan du ta naturbruk (agronomutdanning eller hestefag) og studieførebuande naturbruk.
Svært mange yrke i arbeidslivet vil verdsette den praktiske utdanninga ein får på Mo. Du vil sjølv også erfare at du får ei allsidig og god ballast i yrkesutdanninga di, enten du vel å avslutte skulegangen etter Mo eller du vil studere vidare.
Å velje programområdet naturbruk gjev mange moglegheiter. Tidlegare elevar fortel at åra på naturbruk var dei beste åra i livet deira. Her kan du sjå ein informasjonsfilm om Naturbruk, med Steffen Fjellestad.