For første gong vert Yrkes-NM og Utdanningsmesse arrangert parallelt i Førde frå 1. til 3. april 2025. Dette er òg første gong Yrkes-NM blir arrangert utanfor dei store byane. Yrkes-NM er eit nasjonalt meisterskap i yrkesfag der deltakarar frå heile landet konkurrerer i over 20 ulike fag innan yrkesfag. Vinnarane får den ettertrakta tittelen som Noregsmeistrar og kvalifiserer seg til internasjonale meisterskap som Yrkes-EM og Yrkes-VM.
Opningstider for publikum:
- Tysdag 1. april kl. 09.00–18.00: NM-konkurransar og utdanningsmesse
- Onsdag 2. april kl. 09.00–16.00: NM-konkurransar og utdanningsmesse
- Torsdag 3. april kl. 09.00–12.00: NM-konkurransar og utdanningsmesse
Her finn du meir informasjon om dette spennande arrangementet.
Her finn du messeavis for arrangementet med mykje nyttig informasjon