Kjære hospitant! Vi er glad for å kunne ønske deg velkommen til utdanningsval ved Førde vidaregåande skule i veke 43, måndag og tysdag 21. og 22. oktober. Du vil på denne sida finne informasjon og program knytt til dei ulike programområda ved skulen. Vi oppmodar alle om å ta med seg niste desse dagane. Det blir også mogleg å kjøpe mat i kantina.
Vi håper du vil få nokre kjekke og informative dagar hos oss, og at vi vil sjå deg igjen som elev ved Førde vidaregåande skule ved eit seinare høve. Velkommen til utdanningsval!
Oppmøte ved skulestad Førde
Det blir oppmøte i «hjarterommet» ved Førde vidaregåande skule kl. 08.15. Hjarterommet ligg plassert ved kantina i 1. etasje, mellom inngang A og inngang B. Her vil du finne nokon med eit «skilt» for programområdet som du skal møte opp til.
Sjå korleis du finn fram på avdeling Førde
Oppmøte ved skulestad Mo
Dette gjeld elevane som har valt Naturbruk. Ved avdeling Mo blir det oppmøte i hallen kl. 08.15.
Sjå korleis du finn fram på avdeling Mo
Programområde
Program for KDA: Kunst, design og arkitektur
Program for MK: Medium og kommunikasjon
Program for ST: Studiespesialisering
Program for SSR: Sal, service og reiseliv
Program for HO: Helse og oppvekstfag
Program for TIF: Teknologi- og industrifag
Program for BA: Bygg- og anleggsteknikk
Program for Elektro og datateknologi
Program for RM: Restaurant- og matfag
(NB: Programma blir lagt ut her etter kvart som dei er klare. Det kan også bli nokre mindre justeringar i programma fram til datoen for hospiteringa)