Hopp til hovedinnhold

Velkommen til ungdomscamp på Mo, 24.-27. juni 2024

Førde vidaregåande skule, skulestad Mo, vil med glede invitere ungdomsskuleelevar som i år går ut frå 8. og 9. klasse til 4 dagar med ungdomscamp på Mo. Ungdomscampen vert arrangert veka etter skuleslutt; måndag 24. til torsdag 27. juni.

Innhaldet i ungdomscampen vil vere praktisk retta med ulike aktivitetar innan landbruk. Stell av husdyr, skogbruk, fisking, og aktivitet med hest er noko av det du får vere med på. I tillegg vert det lagt opp til aktivitetar på kveldstid. Skulen stiller med godkjent verneutstyr for aktivitetar i skogbruk og støvlar og kjeledress til bruk i husdyrbruket.

Campen legg opp til ei opplevingsrik og allsidig veke i trygge og flotte omgjevnader på Mo. Skulen har internat for overnatting og matservering, så ungdomsskuleelevar frå heile fylket kan ta del. Det er plass til 18 elevar på ungdomscampen i 2024. Elevar som ikkje har delteke på ungdomscamp tidlegare år, vil ha fortrinnsrett.

Frist for påmelding er 1. juni.

Tilbodet er gratis!

Påmelding på: Ungdomscamp på Mo 2024 (pameldingssystem.no)

For meir informasjon kontakt Liv Horvei på tlf 480 08 357 eller liv.horvei@vlfk.no

Mvh Førde vgs. v/ ass.rektor og avdelingsleiar for naturbruk, Liv Horvei