Fredag fekk Sverre Elveseter Sande, Øyvind Sægrov og Andreas Elveseter Sande utdelt diplom for eit særs godt resultat i 1. runde som kvalifiserte dei til vidare deltaking i konkurransen. Kjemi-OL er ein årleg internasjonal kunnskapskonkurranse der meir enn 70 land deltek.
Tekst og foto: Hilde Aa Kvamsås
Noreg har delteke i Kjemi-OL sidan 1982, og deltakarane til den internasjonale finalen blir plukka ut gjennom fleire kvalifiseringsrunder.
Neste steg: 2. runde, som Sverre, Øyvind og Andreas no er klar for, går torsdag 1. februar. Der har dei mogelegheita til å kvalifisere seg vidare mot den internasjonale finalen som denne gongen går i Riyadh i Saudi-Arabia i slutten av juli. Vi gratulerer med eit god resultat i 1. runde og ønsker lukke til vidare i konkurransen.