Hopp til hovedinnhold

Tilbod om foreldrekonferansar for Vg1 og Vg2, 4. og 5. februar

Elevar i eit klasserom.

Velkommen til foreldrekonferanse ved Førde vidaregåande skule. Tysdag 4. og onsdag 5. februar er lærarane tilgjengelege for samtaler med føresette og elevar på skulestad Førde, og på skulestad Mo.

Bruk hovudinngang A eller B på skulestad Førde og inngang i Hallen på skulestad Mo. Det er viktig at eleven møter saman med sin(e) føresette. I samtalen er sosial trivsel og overordna, generell fagleg utvikling naturlege tema. I tillegg vil samtalen gå meir i detalj inn på fagleg utvikling i kontaktlærar sine eigne fag. Om de ønsker meir informasjon om andre fag, kan de be faglæraren om samtale på anna tidspunkt. De finn liste med e- postadresser til alle lærarane på skulen si heimeside.  

 For å booke avtale med kontaktlærar, kan de nytte bookingsystemet vårt.