Hopp til hovedinnhold

Søk utstyrsstipend innan 15. november!

Søknadsfrist 15. november! Informasjon frå Lånekassen: Elevar i vidaregåande opplæring kan ha rett til utstyrsstipend. For å få utstyrsstipend må du oppfylle vilkåra nedanfor:

•    Du må vere født i 2004 eller seinere. 
•    Du må ta vidaregåande opplæring. 
•    Du har ikkje oppnådd studie- eller yrkeskompetanse enda. 

Pengane skal gå til å dekke utgifter til nødvendig utstyr. Utstyrsstipendet skal ikkje betalast tilbake. Dersom du allereie har søkt dette studieåret, skal du ikkje søkje igjen. Fristen for å søkje er 15. november. 

Avtalen om lån og stipend må signerast 
Du vil få utbetalt pengane når avtalen om lån og støtte er signert. Dersom du er under 18 år, skal ein av foreldra- eller ein verge signere avtalen. Dei signerer digitalt i tenesta foreldresignering på lanekassen.no med BankID. Elevar over 18 år signerer sjølv med BankID, eller på papir.