Ved Restaurant og matfag på Førde vgs - blei det på onsdag gjennomført Kokkekamp for 9. klassingar. Det blei opning ved varaordførar Helge Robert Midtbø. Det var 6 lag med på konkurransen. Sande (lag 1) kom på 1. plass, Halbrend Ungdomsskule kom på 2. plass. Vassenden (lag 2) kom på 3. plass, Sande Skule (lag 2) kom på 4 plass. Viksdalen og Vassenden (1 lag) fekk delt 5 plass. Kjempeflott innsats frå alle laga!
Tekst: Bodil Erdalsdal

Over: Deltakarar i Hjarterommet ved Førde vgs. Frå Kokkekamp 9. april 2025. Foto - John Ove Grov
Takk til dommarane Bodil Fjellestad Eikrem, Frode Andre Devig, Jørn Gunnar Gundersen, Isabel Stang og Lucas Strømsli. Takk også til Gro Hoff Mortensbakke som har vore medhjelpar frå Norske kokkars landsforeining saman med prosjektleiar for kokkekamp Bodil Erdalsdal. I tillegg vil vi takke vg1 elevar frå Restaurant og matfag, lærar Ole Jørgen og Førde vidaregåande skule. Takk også til Coop Extra Førde ASKO Servering, stiftinga for rekruttering, og alle samarbeidspartnarar. Dette blei ein flott dag!

Over: Delikate og velsmakande matrettar. Frå Kokkekamp 9. april 2025. Foto - Bodil Erdalsdal

Over: Frå Kokkekamp 9. april 2025. Foto - Bodil Erdalsdal

Over: Frå kjøkkenet til RM ved Førde vgs. Kokkekamp 9. april 2025. Foto - Bodil Erdalsdal

Over: Frå Kokkekamp 9. april 2025. Foto - Bodil Erdalsdal

Over: Stolte vinnarar. Frå Kokkekamp 9. april 2025. Foto - Bodil Erdalsdal