Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Du vel fordjuping innan
- realfag
- språk, samfunnskunnskap og økonomi
Studiespesialisering ved Førde vgs
Skulen har fleire parallellklassar på Studiespesialisering (studieførebuande utdanningsprogram), kvar med 30 elevar både på vg1, vg2 og vg3. I vg1 har du berre fellesfag (obligatoriske fag). I vg2 og Vg3 vel du halvparten av timane dine sjølv. Du vel minst tre programfag kvart år. To fag må vere innan programområdet for realfag eller for språk, samfunnskunnskap og økonomi, og desse faga skal du ha i to år. Du vil også få studiekompetanse ved å gå på Medium og kommunikasjon (MK) – eller ved å ta programområdet Kunst, design og arkitektur (KDA) som også er tilbod skulen har.
For å gå på studiespesialisering bør du vere:
- interessert i å arbeide med teoretiske fag
- samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert
- interessert i å skrive eller rekne
- interesset i kultur- og samfunnsforhold
På vilbli.no kan du finne meir informasjon om kva du oppnår, og vil lære ved å gå på studiespesialisering, og kva yrke du kan utdanne deg vidare til.