Hopp til hovedinnhold

Sal, service og reiseliv

Bilete viser to personar i framgrunnen, som står ved ein grønsaksdisk i eit daglegvarebutikk. Kleda viser at dei jobbar i butikken. Det er ei dame som ser ut som at ho viser og forklarer noko til guten.

Er du serviceinnstilt, liker å hjelpe folk og er open for ulike kulturar og tradisjonar? Då kan Sal, service og reiseliv vere noko for deg. Du går to år i skule før du kan gå ut i lære. Du kan også ta Påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Dersom du ynskjer å vere bedrifta sitt ansikt utad og du liker å jobbe med menneske, kan Sal, service og reiseliv være noko for deg. 

Du må vere interessert i sal, marknadsføring, økonomi, sikkerhet, administrasjon med meir. Du må trivsast med å arbeide med menneske og drive service. Du vil få ein variert kvardag med mange spanande oppgåver. 

Førde vgs har samarbeid med mange ulike bedrifter i ulike bransjar der du har moglegheit til å prøve deg ut i praksis i forbindelse med YFF. 

Første skuleåret (Vg1)

På første året vil du ha følgande programfag forretningsdrift, marknadsføring og sal og kultur og kommunikasjon. I tillegg har du fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving. 

Du lærer om: 

  • økonomi og bærekraftig drift
  • marknadsføring, entreprenørskap og innovasjon
  • administrasjon og digitale verktøy
  • reiseliv og turisme
  • kundehandsaming og sal
  • planlegging og gjennomføring av tryggingstiltak

I forbindelse med yrkesfagleg fordjuping kan du bli kjent med fagområde som bygger på vg1 sal, service og reiseliv. Mange av våre elevar fortset med praksis i same bedrifta på vg2. 

Andre året (Vg2)

Hos oss kan du velje følgjande programområde på vg2: 

  • vg2 sal og reiseliv

 

Vg2 sal og reiseliv

Dersom du liker å arbeide med service og ha kontakt med menneske. Ynskjer du å bli kjent med korleis ein driv ei bedrift, då kan vg2 sal og reiseliv vere noko for deg. 

På vg2 sal og reiseliv har du programfaga forretningsdrift, innovasjon og marknadsføring og kultur og kommunikasjon. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving. 

På vg2 fortset ein med utdanninga du har starta på vg1 sal, service og reiseliv. Du får nærare innblikk i korleis ei bedrift blir driven. 

Du lærer om:

  • kundehandsaming
  • sal, meirsal, gjensal 
  • marknadsføring
  • planlegging av reiseopplevingar
  • reiselivsprodukt
  • servicerolla
  • vertskapsrolla
  • rekneskap og budsjett
  • prissetjing
  • kommunikasjon med kundar, gjester og samarbeidsaktørar

I faget yrkesfagleg fordjuping får du moglegheit til å bli kjent med fagområde som bygger på vg2 sal og reiseliv. Faget vert gjennomført som praksis i bedrift. 

Etter at du har fullført vg2 sal og reiseliv kan du velje å gå i lære i følgjande fag: 

  • reiselivsfaget
  • salsfaget

Sal, service og reiseliv på Youtube

Vegen vidare

Etter to å i skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Meir om det å bli lærling.

Du kan også ta Påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.