Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.
Linja er meint for deg som har tatt yrkesfagleg utdanning, men som likevel ønskjer generell studiekompetanse. Med studiekompetanse kan du søkje opptak på høgskular og universitet. Ein oppnår generell studiekompetanse ved å fullføre og bestå tre års vidaregåande opplæring frå studieførebuande utdanningsprogram.
Etter Vg2 følgjer enten vidaregåande trinn 3 (Vg3) i skule eller to års opplæring i bedrift. Førde vgs tilbyr påbygging til generell studiekompetanse. Dette tilbodet er lokalisert ved Mo. Etter å ha tatt påbygg kan du studere vidare på høgskular og universitet. Påbyggingsåret er eit tilbod til elevar som har valt ei yrkesfagleg utdanning, og som ønskjer å oppnå generell studiekompetanse.
Inntakskrav
Inntakspoeng vil variere avhengig av kor mange som søkjer, men skal du lukkast å komme gjennom året er det lurt å ha karakterar opp mot 4-talet. Merk deg at studia vidare kan ha høge krav. Det er lurt å sjekke dette tidleg.