Hopp til hovedinnhold

Medium og kommunikasjon

Bilete av medie-elevar i Førde. På det eine bilete ser vi elevar med eit filmkamera, og på det andre bilete ser vi eit foto tatt av ein medieelev som viser ein ungdom på scateboard.

Medium og kommunikasjon er faget for deg som er kreativ og interessert i å lære om kommunikasjon og bruk av media. Du lærer mellom anna forteljarteknikkar innan tekst, lyd og bilde, og å utforme bodskap. Studietilbodet er treårig og gir generell studiekompetanse.

Er du interessert i å arbeide med foto, film, lyd, tekst og grafisk design? I så fall kan medium og kommunikasjon (MK) ved Førde vgs vere det rette valet for deg. Medium og kommunikasjon er eit treårig studieførebuande tilbod. Det gjer til at du kan komme inn på dei aller fleste høgskular eller universitet etter å ha fullført den treårige utdanninga.

På medielinja ved Førde vgs er det eit godt samarbeid med kultur og næringslivet. Klassane pleier gjerne å opprette ungdomsbedrift, og tek på seg oppdrag bl.a. innan reklame, filming, streaming, design m.m. 

På dette programområdet vil du få lære om- og få arbeide praktisk med ulike medium, samstundes som du får studiekompetanse og kan utdanne deg vidare på høgskular og universitet. Du vil også lære deg arbeidsmetodar som vil gjere deg godt førebudd til eit yrke innan mediebransjen.

På nettsida vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon

 

Første året (vg1)

Det første skuleåret har du 5 timar med programfaget medieuttrykk og 5 timar med programfaget Mediesamfunnet. I tillegg har du følgande fellesfag: 

  • Norsk
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Engelsk
  • 2.framandspråk
  • Kroppsøving

Det er inntil 30 elevar i klassane i dei fleste fellesfagstimane. I programfagtimane (i mediefaga) blir klassen delt inn i grupper på 15. Dette gjer til at det er godt tilrettelagt for å kunne arbeide praktisk i faga, og at kvar elev får tett oppfølging frå lærar. Medielinja er utstyrt med oppdatert programvare og profesjonelt utstyr, og det er både film, lyd og fotostudio disponibelt på skulen.

Du som vel Medium og kommunikasjon bør være kreativ og nysgjerrig, interessert i å lære om kommunikasjon og mediebruk, interessert i å formidle gjennom bilde, film, lyd og ord og du bør vere oppteken av informasjonsteknologi og digitale medium.

Andre året (vg2)

Det andre året har du 5 timar i programfaget Medieuttrykk, 5 timar i programfaget Mediesamfunnet og 5 timar i eit valfritt programfag. I tillegg har du følgande fellesfag: 

  • Matematikk
  • Samfunnskunnskap
  • Historie
  • Geografi
  • 2.framandspråk
  • Kroppsøving

Dei valfrie programfaga som blir tilbydd ved medium og kommunikasjon på Førde vidaregåande skule er:

  • Bilde
  • Grafisk design
  • Mediespesialisering
  • Lyddesign
  • Tekst
  • Medieutvikling

Tredje året (vg3)

Det tredje året har du 5 timar Medieuttrykk, 5 timar Mediesamfunnet og to ulike valfrie programfag på 5 veketimar kvar. I tillegg har du følgande fag knytt til studiespesialisering: 

  • Norsk
  • Religion og etikk
  • Historie
  • Kroppsøving

Dei valfrie programfaga som blir tilbydd ved medium og kommunikasjon på Førde vidaregåande skule er:

  • Bilde
  • Grafisk design
  • Mediespesialisering
  • Lyddesign
  • Tekst
  • Medieutvikling

NB: Dersom du ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen, må du ha framandspråk som eitt av dei to valfrie faga på vg3.

Blogg

Ta gjerne ein kikk innom på BLOGGEN til Medium og kommunikasjon ved Førde vgs for å finne meir informasjon, og for å sjå flotte elevarbeid frå dette programområdet.

Presentasjon

Presentasjon på ca. 9 minutt om alt du treng å vite om programområdet Medium og kommunikasjon! På Youtube kan du også finne ein teksta versjon av MK-presentasjonen.

Foto frå utdanningsval ved MK

Vegen vidare

Når du har fullført dei tre åra på Medium og kommunikasjon er du kvalifisert for høgare utdanning. Du kan utdanne deg til journalist, tekstforfattar,  innhaldsprodusent, webdesigner, interaksjonsdesignar, lydteknikar, filmprodusent og kommunikasjonsrådgjevar. Du kan også utdanne deg til mange andre yrke. Med generell studiekompetanse kan du søkje på dei fleste studium ved høgskular og universitet.