Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
Innføringskurs for minoritetsspråklege
Faga du vil få i innføringsklassen er:
- Norsk
- Engelsk
- Naturfag
- Matematikk
- Kroppsøving
- Samfunnskunnskap
Hospitering:
Du får og høve til å hospitere på dei studieretningane vi har på skulen, slik at det vert lettare for deg å velje rett når du skal søkje til Vg1.
Kven kan søkje?
Du må vere fylt 16 år, og du må ha fullført grunnskule i heimlandet.
Dersom du har fått norsk fødsels- og personnummer, og du har fått kodar/passord frå MinID, kan du søke på VIGO.
Dersom du ikkje har dette ta kontakt med inntakskontoret