Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Vil du være med på å skape og ta vare på verdiane i samfunnet? Ynskjer du å sette synlege spor etter deg ved flotte bygg, vegar og bruer, uteområde og anlegg? Då kan bygg- og anleggsteknikk være noko for deg.
Du bør vere sjølvstendig, men bør og kunne arbeide i team, sidan mange bygg- og anleggsprosjekt krev nært samarbeid mellom ulike yrkesgrupper. Utdanningsprogrammet omfattar produksjon, oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar, der det blir stilt strenge krav til kvalitet og sikkerheit.
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Første skuleåret (vg1)
På første året vil du ha programfaga arbeidsmiljø og dokumentasjon ogpraktisk yrkesutøving i tillegg til fellesfaga engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.
Du som vel bygg- og anleggsteknikk, må ha praktisk sans, vere nøyaktig og ha godt handlag. Du må like fysisk arbeid, og må ha interesse for praktisk fag.
Du vil lære om
byggkonstruksjon frå planlegging og skissering av bygging.
kvalitetssikring og vedlikehald av bygg
ulike byggeskikkar og byggetradisjonar
bruk av teikningar og arbeidsbeskrivelsar
bruk og val av ulike materiale og verktøy
Andre året (Vg2)
På vg2 tilbyr Førde vgs følgande programområde:
tømrar
betong og mur
anleggsteknikk
Vg2 tømrar
På vg2 tømrarfaget har du programfaga konstruksjon og klimaskal, materialeigenskapar, varmeisolering og tetting og vinduer, dører og innvendig arbeid. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.
Du vil lære meir om:
bygge trekonstruksjonar og andre konstruksjonar
bygge takkonstruksjonar
montering av vindu og dører
legge tregulv
stillasarbeid
isolering
bruke relevante verktøy
val av ulike materiale
Etter fullført vg2 tømrar kan du gå ut i lære i tømrarfaget.
Vg2 betong og mur
På vg2 betong og mur har du programfaga betong og mur og dokumentasjon og kommunikasjon I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.
Du vil lære meir om
forskaling, armering og støype konstruksjonar
muring, pussing, flislegging og utføre membranarbeid
mure teglstein
teikning og beskriving av bygningsdelar i betong og mur
rehabilitering av mur og betong
val av produkt og verktøy
Etter fullført vg2 betong og mur, kan du velje å gå ut i lære i:
betongfaget
murar og flisarfaget
Vg2 anleggsteknikk
Vil du vere med og skape verdiar og bygge Noreg. Ynskjer du å utføre ingeniørkunst med anleggsmaskiner og sette synlige spor etter deg ved flotte veganlegg, tunellar, murar og byggjefelt? Ynskjer du å sprenge ut fjell på veganlegg, tunellar og delta i mineralutvinning? Då kan anleggsteknikk vere rette plassen for deg.
På vg2 anleggsteknikk har du programfaga drift og vedlikehald, grunnarbeid og sikkerhetsopplæring av masseforflytningsmaskiner. I tillegg har du fellesfaga norsk, samfunnskunnskap og kroppsøving.
Du som vel anleggsteknikk må ha praktisk sans, mekanisk sans, vere nøyaktig og ha evne til å utføre arbeid med maskiner. Du må like fysisk arbeid, ha god fysisk form og må ha interesse for praktiske fag.
Øvingsområdet til anleggsteknikk på Førde vgs er bygd opp slik at du får god opplæring i bruk av anleggsmaskiner og du får utføre praktisk arbeid knytt til kompetansemåla i læreplanen.
Du lærer meir om:
bygging, drifting og vedlikehald av vegar, anleggsplassar, flyplassar med meir
bruke gravemaskin og masseforflytningsmaskiner
val av, og bruke maskiner og utstyr til anleggsarbeid
bruk av digitale system
kontrollere og vedlikehald av maskiner
Etter at du har fullført vg2 anleggsteknikk kan du velje å gå ut i lære i desse faga: