Silje Heggren
Utsmykning i korridoren i T-fløyen med fire maleri. Maleria utført med akryl på lerret, og med akryl og olje på lerret.
Over til venstre: "Utopolis 6" og "Utopolis 9" av Silje Heggren. Maleria er utført i akryl på lerret (150 x 200 cm).
Over: "Utopolis 9" av Silje Heggren. Foto: Mona Fossdal
Over: "Time Crystal 5" og "Time Crystal 6" av Silje Heggren. Maleria er utført i akryl og olje på lerret (140 x 140 cm).
Over til venstre ser vi maleriet "Utopolis 6" og til høgre maleria "Time Crystal 5" og "Time Crystal 6" av Silje Heggren. Foto: Mona Fossdal.
På nettsida Siljeheggren.com kan du finne meir informasjon om Silje Heggrens kunst.
Liv Anne Lundberg og Kyrre Andersen
Utsmykning på nordveggen til Førde vgs. Plasmaskoren og hamra stål.
Over: «Lysning» av Liv Anne Lundberg og Kyrre Andersen. Vestland fylkeskommune 2023 – VLFKK10090. Foto: Mona Fossdal.
På nettsida Plastica.no kan du finne meir informasjon om Liv Anne Lundberg og Kyrre Andersen sine kunstprosjekt.
Njål Lunde
Utsmykning i hjarterommet, på utsida av veggflata til auditoriet. Kryssfiner med UV flatbedprint og svipenteikning.
Over: «Elva fann seg eit nytt leie» av Njål Lunde. Vestland fylkeskommune 2023 – VLFKK10091. Foto: Mona Fossdal.
På nettsida: Njallunde.com kan du finne meir informasjon om kunstprosjekta til Njål Lunde.
Hans Martin Øien
Utsmykning i eitt av skulens tre atrium. Syrefast stål, vannskore aluminium, eik og teak.
Over: «Dodecahedron» av Hans Martin Øien. Vestland fylkeskommune 2023 – VLFKK10092. Inne i skulpturen ser vi frå venstre fire elevar frå vg3-klassen i Kunst, design og arkitektur: Ida Stusdal Sagen, Maria Alesandra Amoro Aarseth, Iman Amirovna Saydulaeva og Johanne Selvik. To andre elevar frå klassen står bak skulpturen. Foto: Mona Fossdal.
Over: «Dodecahedron» av Hans Martin Øien, 2023. Foto: Mona Fossdal.
På nettsida Hansmartinoien.no kan du finne meir informasjon om Øien sine kunstprosjekt.
Britt Smelvær
Skulpturen "Prismatoide" er utført i malt aluminium. Diameter 600 cm. Skulpturen står i uteområdet ved fløy A ved Førde vgs.
"Prismatoide" av Britt Smelvær, 1999. Foto: Britt Smelvær.
"Prismatoide" av Britt Smelvær. Foto: Mona Fossdal.
På nettsida Brittsmelvaer.dk og i Norsk Kunstnarleksikon kan du finne meir informasjon om Britt Smelvær.
Marit Benthe Norheim
Norheim har stått for dei to skulpturane som er plassert ved hovudinngang A og B.
Over: Skulptur/statue av Marit Benthe Norheim, plassert ved inngang B. Foto: Mona Fossdal.
Over: Skulptur/statue av Marit Benthe Norheim, plassert ved inngang A. Foto: Mona Fossdal.
Over til venstre: Skulptur/statue av Marit Benthe Norheim, plassert ved inngang B. Til høgre: Skulptur/fontene ved inngang A, av Marit Benthe Norheim. Foto: Mona Fossdal.
På nettsida til Store Norske Leksikon og på Wikipedia kan du finne meir informasjon om kunstnaren Marit Benthe Norheim.
Utsmykning elevarbeid
Hausten 2024 blei det starta opp eit spennande samarbeidsprosjekt mellom kunstnarane Liv Anne Lundberg og Kyrre Andersen – og med lærarane og elevane på Kunst, design og arkitektur ved Førde vgs. Ved dette samarbeidet fungerte Liv Anne og Kyrre som inspiratorar og mentorar. Dei besøkte skulen to veker i hausthalvåret. Under besøka føreleste dei om utsmykningsprosjektet på nordfasaden av skulebygget. Dei viste bilete av- og fortalte om arbeidsprosessen fram til ferdig arbeid. Dei viste også døme på fleire andre utsmykningsprosjekt som dei har jobba med. Lærarane og elevane på KDA fekk konkrete innspel og råd, og praktisk hjelp til fleire utsmykningsprosjekt som blei starta opp denne hausten. Vi vil her vise nokre av desse prosjekta:
«Negative former»
Oppgåve i design og arkitektur med klasse 2KDA og lærar Svein Myklebust. Til denne oppgåva jobba elevane med restmateriale frå kunstverket til Liv Anne og Kyrre. Temaet var «negative former», og elevane jobba gruppevis med å lage utsmykning til to ulike endeveggar på skap. Teknikk: Malt treplate med dekor i metall.
Over: Foto: Svein Myklebust. Bileta viser dei to ferdige arbeida montert på skap. Teknikk: Treplate og metall.
Over: På bilete øvst til venstre ser vi kunstnar Kyrre Andersen som vegleier elevar frå 2KDA. Til høgre og nedst ser vi bilete frå arbeidsprosessen til elevane. Foto: Svein Myklebust.
Namn på elevar i "rosa gruppe": Angelina - Emma - Gunnhild - Hanna - Henriette - Irmelinn - Malin. Namn på elevar i "raud/orange gruppe": Anastasia - Yuliia - Danil.
«Fluga på veggen»
Oppgåve i Kunst og visuelle verkemiddel med klasse 3KDA og lærar Mona Fossdal. Inspirasjon til denne oppgåva var utsmykninga «Lysning» av Liv Anne og Kyrre på nordfasaden, og utsmykninga i eitt av skulens atrium: Dodecahedron» av Hans Martin Øien. Til stiliseringsprosessen henta elevane inspirasjon frå Art Nouveaustilen. Elevane tok utgangspunkt i fotomotiv av insekt, og stiliserte- og teikna motiva i svart tusj. Til ferdiggjeringa tilpassa Kyrre Andersen teikningane digitalt. Lærar Geir Johme på TIF tok på seg arbeidet med å stanse ut alle insekta i aluminium, på skulens laserskjærar.
Over (første bilete): Klynge med sommarfuglar av Vilde Nena Aarseth. Enkeltståande sommarfugl over av June Olin Frøholm. Sommarfugl til høgre av Melina Larsen Evebø. Bileta i midten: Snegl over dør til idrettshall og ved trapp - av Maria Alesandra Amoro Aarseth. Insekt på bilete til høgre av Angelica Jean E. Gumatay. Foto: Mona Fossdal. Hausten 2024.
Over frå venstre: Sommarfuglar av June Olin Frøholm og Melina Larsen Evebø, veps av Adrosis Paulsen og biller av Iman Amirovna Saydulaeva. I midten frå venstre: Snegl av Maria Alesandra Amoro Aarseth, grashoppe av Engel Eikås Tansøy, sommarfuglklynge av Vilde Nena Aarseth. Nedst frå venstre; Insekt av Lilja Brendehaug Berge, Angelica Jean E. Gumatay, Tomine Linnea Eltvik, Ida Stusdal Sagen og Johanne Selvik. Foto: Mona Fossdal. Hausten 2024.