Hopp til hovedinnhold

Velkommen til første skuledag ved Førde vidaregåande skule 2024-25

Velkommen til skulestart måndag 19. august. Skulen har samla viktig informasjon som du treng for å førebu deg til skulestart. Informasjonen er ulik alt etter kva utdanningsprogram du skal starte på.

Viktig informasjon som gjeld ditt utdanningsprogram:

I denne lenkja finn du informasjonsskriv til skulens utdanningsprogram

Oppmøtetid for elevar første skuledag måndag 19. august 2024

Skulestad Førde:

Oppropet skjer i auditoriet. Rektor ønsker kort velkommen og presenterer avdelingsleiar. Avdelingsleiar presenterer kontaktlærar som ropar opp kvar klasse (med elevmentorar). Klassane går ut etter kvart som dei er opplest. Elevtenesta og elevmentorar er i fellesareal og visar elevane inn til auditoriet.

Sjå korleis du finn fram på skulestad Førde

Kl 0900-0930 Vg1 Bygg og anleggsteknikk, Vg1 Elektro og datateknologi, Vg1 Teknologi og industrifag

Kl 0930-1000 Vg1 Studiespesialisering

Kl 1000-1030 Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg1 Restaurant og matfag, Vg1 Kunst, design og arkitektur, Vg1 Medium og kommunikasjon, Vg1 Sal, service og reiseliv

Kl 1030-1100 Vg3 Studiespesialisering, Vg3 Kunst, design og arkitektur, Vg3 Medium og kommunikasjon

Kl 1100-1130 Vg2 Tømrar, Vg2 Køyretøy, Vg2 Industriteknologi, Vg2 Elenergi og ekom, Vg2 Datateknologi og elektronikk, Vg2 Ambulansefag, Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag, Vg2 Helsearbeiderfag, Vg2 Helseservice, Vg2 Helse- og oppvekstfag studieførebuande, Vg2 Kokk- og servitørfag

Kl 1130-1200 Vg2 Studiespesialisering, Vg2 Kunst, design og arkitektur, Vg2 Medium og kommunikasjon, Vg2 Sal og reiseliv

Kl 12.00-1215 Vaksenopplæring Vg3 Restaurant og matfag, Gloppenmodellen, Innføringstilbod for minoritetsspråklege                         

Vaksenopplæring studiespesialisering er planlagt oppstart 29. august kl. 18.00.

Skulestad Mo:

Internatet: Mottak på internatet søndag 18. august. For elevar som har internatplass, vil det bli høve til å flytte inn på hybel søndag 18. august etter kl. 16.00. Tidspunkt for kveldsmat er kl. 19.30, og deretter felles informasjonsmøte kl. 21.00.

Oppropet første skuledag, 19. august skjer i hallen. Assisterande rektor ønsker kort velkommen og presenterer kontaktlærar som ropar opp kvar klasse (med elevmentorar). Klassane går ut etter kvart som dei er opplest. Elevtenesta og elevmentorar er i området og viser elevane inn til hallen.

Sjå korleis du finn fram på skulestad Mo

Kl 0900-0930 Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse

Kl 0930-1030 Vg1 Naturbruk, Vg2 Anleggsteknikk, VG2 Transport og logistikk, Vg2 Landbruk og gartnarnæring, Vg2 Heste- og dyrefag, Vg3 Landbruk

Felles informasjon for elevar ved Førde vgs:

Angåande inndeling i klassar

Skuleleiinga deler inn elevane i klassar ut frå reglane om dette i kapittel 14 i opplæringslova. I tillegg vil skulen ta individuelle omsyn der det ligg føre informasjon om tungtvegande grunner for dette. Dette er informasjon som den vidaregåande skulen får frå ungdomsskulen etter samtykke frå elev og føresett.

Skjema som må fyllast ut

Her finn du lenkjer til skjema som må/skal fyllast ut og returnerast til skulen: post.forv@vlfk.no i august / ved skulestart:

Lånekassen

Utlån læremiddel - Lånekontrakt: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev

Merk deg at du må signere kontrakten før første skuledag, slik at du kan få lånt bøker på måndagen. Sjå framgangsmåte for å signere kontrakta.

Skuleskyss

Internatet: Dersom du ønsker å bu på internatet, send ein epost til post.forv@vlfk.no. Skriv namnet ditt og kva utdanningsprogram du skal starte på. Hybelkontrakt og informasjon om internatet på Mo finn du her til gjennomlesing. Dersom du får plass på internatet, vil du få tilsendt kontrakt digitalt via Digipost. Dersom du ikkje har aktivert Digipost vil hybelkontrakt bli sendt pr. post. Når du har signert kontrakten, vil du få svar om innflyttingsdato.

Kjøp av elev-PC  (NB For MK/KDA: sjå PC-krav i informasjonsskriv til MK/KDA)

Samtykkeskjema publisering av bilete og for utveksling av informasjon 

Svarskjema for val av framandspråk IK (Informasjon kjem)