Hopp til hovedinnhold

Undervisningsevaluering 2024-2025

Førde vidaregåande skule skal gjennomføre undervisningsevaluering i perioden 13-25. januar. Her finn du meir informasjon om undervisningsevalueringa.

Vi har gjort eit utval av undervisningsgrupper som skal gjennomføre undervisningsevaluering. Dersom di undervisningsgruppe er valt ut, så får du melding om dette frå faglærar. Innlogging til undervisningsevaluering finn du her

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2024/2025.

Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Vestland skal gjennomføre ei undervisningsevaluering. Målet med evalueringa er at ho skal være eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæring i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærarar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa. 

Evalueringa gjennomførast som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføre i skuletida. Det er frivillig for elevane å svare på undersøkinga, men vi oppmoder alle elevane til å delta. Svara behandlast konfedensielt og ingen vil kunne identifisere enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidd rapportar for grupper med 5 eller fleire svar. 

Elevane skal evaluere undervisninga til lærarar. Den enkelte elev skal svare på evauleringa éin eller fleire gonger. Talet avheng av kor mange av eleven sine undervisningsgrupper som blir valde ut til å evaluere. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluere nokre lærarar. Det er skuleadministrator som har bestemt kva grupper som skal evaluerast. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Vestland fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelte på fem tema: Motivasjon og meistring, Vurdering, støtte frå lærar, læringsmiljøet i klassen og IKT. 

Om de har spørsmål til undersøkinga, kan de kontakte Vestland fylkeskommune ved seniorrådgjevar Stig Aasland, stig.arne.vestol.aasland@vlfk.no 

Med venleg helsing

Mats Bryne

Rektor, Førde vidaregåande skule