Edvard Aamot og Eirik Frøiland Wiger fekk i dag utdelt diplom for særdeles gode resultat i 1. runde av Kjemi-OL og har kvalifisert seg til 2. runde.
Tekst og foto: Hilde Kvamsås Aa.
Kjemi-OL er ein internasjonal kunnskapskonkurranse for kjemielevar i vidaregåande skule. 1. runde av konkurransen gjekk i veke 40-42. I Noreg var det 1070 frå 105 skular som deltok. Ved Førde vidaregåande skule deltok heile kjemiklassen på vg3 i 1. runde. Aamot og Wiger utmerka seg med svært gode resultat i 1. runde, og er no klar for 2. runde, som går torsdag 30. januar. Frå 2. runde kan ein kvalifisere seg vidare til ein nasjonal finale i mars, nordisk finale i Sverige i juli og den internasjonale finalen 5.-14. juli i Dei forente arabiske emirater.
Foto over: Edvard Aamot og Eirik Frøiland Wiger, med kjemilærar Hans-Tore Fuglestad Hansen i midten.
Heile resultatlista frå 1. runde kan ein sjå her: Runde1-2025.pdf
Vi ønsker Edvard Aamot og Eirik Frøiland Wiger lukke til i 2. runde.