Hopp til hovedinnhold

Tiande klasse hospitantar - tusen takk for besøket!

Måndag og tysdag 21. og 22. oktober fekk vi besøk ved Førde vgs av nesten 400 hospitantar frå tiandeklasse. Har du lyst til å sjå kva hospitantane gjorde under utdanningsval? Her kan du finne informasjon og foto frå desse dagane.

Helse og oppvekstfag

På Helse og oppvekstfag har hospitantane fått vore med på ulike oppgåver som kjenneteiknar avdelinga. På pleieromma våre har dei fått prøvd seg på ulik utstyr som ein har innan helse. Her har Vg2 helsefagarbeidar-elevane våre gjort ein god rettleiarjobb. På Barn og ungdom hadde elevane blant anna planlagt formgjevingsaktivitet, og fysisk aktivitetar, samt god info om linja. Helseservice har hatt fokus på arbeidsoppgåver innan yrka som ein kan utdanne seg til på vg3. Det blei øvd på blodtrykk og puls, og korleis var blodsukkeret til hospitantane? Vi hadde og stasjonar der ein fekk lære om kommunikasjon og observasjon. Relevant fagleg emne som ein lærer ved å gå Helse og oppvekstfag. Elevane på Vg2 Helse og oppvekst har gjort ein god jobb saman med lærarar /miljøfagarbeidar desse dagane. Vi håpar at hospitantene har fått eit godt innblikk i det å gå Helse og oppvekstfag. Tekst: Hilde J. Ellingsund.

helse og oppvekstfag 1 Uskarpt.jpg

Over: Foto: Hilde Joveig Ellingsund.

Restaurant og matfag

På Restaurant og matfag har hospitantane fått vore innom mange fagområde. "Ferske smaker" var på besøk, og der fekk hospitante vere med å lage til delikate bakverk og desserter. Fisk, med meir stod på menyen på måndag, medan dei på tysdag trylla fram gode tapasrettar, alt laga frå botnen av. Maten vart eten i ein flott oppdekka restaurant. På dei ulike stasjonane fekk hospitantane god rettleiing av våre Vg2 Kokk og servitør elevar, lærarar, og John Ove frå Opplæringskontoret. Tekst: Hilde J. Ellingsund

RM 1 (uskarp).jpg

Over: Foto: Hilde Joveig Ellingsund.

RM 2 (uskarpt).jpg

Over: Foto: Hilde Joveig Ellingsund.

Kunst, design og arkitektur

Under besøket på KDA fekk hospitantane prøve ut å bygge tredimensjonale modellar,  bl.a. i teknikken arkitektpapp. Dei fekk eksperimentere med ulike teikne og maleteknikkar, fekk innføring om egyptisk kunst, og jobba både individuelt og i grupper. Vi håper at hospitantane fekk ein liten smakebit av korleis det er å vere elev på KDA, og at vi vil sjå dei igjen ved eit seinare høve. Tekst: Mona Fossdal

Bygging arbeidsprosess 2.jpg

Over: Bygging av hundehusmodell i arkitektpapp. Foto Mona Fossdal

hUNDEHUS FERDIGE – Kopi.jpg

Over: Hundehus inspirert av spøkelsestema. Foto Mona Fossdal

Scraperboard A, B og C.jpg

Over: Utprøving av scraperboardteknikk. Foto Mona Fossdal

KDA Svein relieff.jpg

Over: Relieff i bølgepappmateriale. Foto Svein Myklebust

KDA Svein FLY.jpg

Over: Flydesign, bygging av modellar. Foto Svein Myklebust

KDA Karoline 01 Moteteikning og blindekontur.jpg

Over: Moteteikning og blindekontur. Foto: Karoline Vie

KDA Karoline 02 Dekorering av masker.jpg

Over: Dekor/design til masker. Foto: Karoline Vie

Medium og kommunikasjon

Under utdanningsval på MK fekk hospitantane i løpet av dei to dagane prøve seg på mykje forskjellig. Dei tok portrettfoto - mellom anna inspirert av ulike kunstverk som "Skrik" av Edvard Munch, dei jobba med lysmaling, reklamefilm og podcast. Hospitantane fekk arbeide med medieoppgåver både aleine - og saman med andre medieelevar. Vi håper at desse to dagane gav ein liten smakebit på korleis det er å vere elev på MK. Tekst: Mona Fossdal

MK 1.jpg

Over: Portrettfotografering i fotostudio, og lysmaling i filmstudio. Foto Mona Fossdal

MK Lysmaling1.jpg

Over: Lysmaling, samarbeid mellom hospitantar og medie-elevar i 2mka.

Sal, service og reiseliv

I løpet av dei to dagane på SSR fekk hospitantane informasjon om programområdet, om praksisen og om faga. Måndag jobba dei med økonomi ved hjelp av å spele Monopol, og dei var på bedriftsbesøk til Scandic hotell v. direktør Sindre Saue Årdal. Tysdagen jobba elevane med planleggingsarbeid knytt til SSR-butikken. Tre vg2-elevar presenterte og fortalte om praksisen sin, og til sist fekk hospitantane prøve seg på ein blindtest av produkt (billeg vs. dyrt). Tekst: Mona Fossdal.

SSR 1 (uskarpt).jpg

Over: Foto - Anna Czarny

SSR 2.jpg

Over: Foto - Anna Czarny

SSR 3 (uskarp).jpg

Over: Foto - Anna Czarny

Naturbruk

(Her kjem det om litt foto og info)

Teknologi og industrifag

Hospitantane fekk prøve seg på fleire ulike øvingar knytt til TIF, m.a. sveising, maskinering, skifte av dekk på hjul, arbeid med bil, arbeid med truck og køyring i lastebilsimulator. Tekst: Reidun Kristiansen

TIF 04 A x.jpg

Over: Utdanningsval på TIF, hausten 2024. Foto: Reidun Kristiansen.

TIF 01.jpg

Over: Utdanningsval på TIF, hausten 2024. Foto: Reidun Kristiansen.

TIF 02 A x.jpg

Over: Utdanningsval på TIF, hausten 2024. Foto: Reidun Kristiansen.

TIF 03 A x.jpg

Over: Utdanningsval på TIF, hausten 2024. Foto: Reidun Kristiansen.

TIF 05 A x.jpg

Over: Utdanningsval på TIF, hausten 2024. Foto: Reidun Kristiansen.

Bygg og anleggsteknikk

På bygg og anlegg fekk elevane ein liten smakebit på nokre av yrka ein kan velje mellom innan Bygg og Anleggsfaga. Totalt var det 59 elevar som fekk prøve seg som blant annan maskinførar, tømrar, malar, flisleger, betongarbeidar, røyrleggar, blikkenslager og stilasbyggar. Dei avslutta veka med «småhusprosjekt» der dei fekk ta i bruk sine kreative evner. Elevane viste god innsats og jobba godt heile veka. Tekst: Ivar Johan Aarberg.

Bygg og anlegg 1.jpg

Over: Utdanningsval på Bygg og anleggsteknikk. Køyring med beltetrillebor og anleggsmaskiner. Foto: Ivar Johan Aarberg.

Bygg og anlegg 2.jpg

Over: Utdanningsval på Bygg og anleggsteknikk. Legging av golvbelegg og flislegging. Foto: Ivar Johan Aarberg.

Elektro og datateknologi

Under utdanningsval fekk hospitantane prøve seg på fleire ulike oppgåver innan elektrofag. På bileta her ser vi hospitantar som m.a. jobbar med kopling, lodding, automasjon og med å sette saman datamaskin. Tekst: Reidun Kristiansen.

Elektro 01.jpg

Over: Hospitering på Elektro, utdanningsval hausten 2024. Foto: Reidun Kristiansen

Elektro 02 a x.jpg

Over: Hospitering på Elektro, utdanningsval hausten 2024. Foto: Reidun Kristiansen

Studiespesialisering

Her kjem det (kanskje) om litt foto og info.