Hopp til hovedinnhold

"Spør først", eit undervisningsopplegg i vg1-klassane

«Spør først!» er eit undervisningsopplegg for barn og ungdom, der målet er førebyggje seksuelle overgrep og fremje ei trygg og positiv tilnærming til seksualitet. Opplegget er forankra i skulehelsetenesta og vert halde for barneskule, ungdomsskule og vidaregåande. I veke 47 og 48 vil helsesjukepleiar ved Førde VGS gjennomføre opplegget i alle klassar på 1. trinnet.