Hopp til hovedinnhold

Skulen markerer 750-årsjubileet for Landslova

Pål Berg Svenungsen (HVL) i auditoriet ved Førde vgs.

Førde vidaregåande skule markerer 750-årsjubileet for Landslova med utstilling i biblioteket i veke 39 og 40. Torsdag 26. september var det òg ein halv fagdag for vg2 og vg3 studieførebuande. Her bidrog Pål Berg Svenungsen (HVL), Yngve Nedrebø (Statsarkivet) og Brage Thunestvedt Hatløy (UiB) med ulike faglege perspektiv på mellomalderen, rettshistorie og Landslova.

Tekst og foto: Hilde Kvamsås Aa.

Pål Berg Svenungsen (HVL) held ei forelesing om mellomalderhistoria.

På fagdagen gav Svenungsen eit overblikk over mellomalderhistoria i Noreg og Europa under tittelen «Kva er mellomalderen?». Nedrebø gjekk inn i lokalhistoria og personalhistoria i sitt føredrag om Audun Hugleikson, medan Hatløy dukka inn i landslova og kva plass den har i norsk rettshistorie.

Øvst ser vi Yngve Nedrebø frå Statsarkivet, og nedst Brage Thunestvedt Hatløy (UiB).

Magnus VI Lagabøte samla i 1274 heile det norske kongeriket under ei lov. Lova gjaldt i over 400 år, og i denne lova ligg eit utgangspunkt for den norske rettsstaten og idèen om folkeleg medråderett og demokrati. Med Landslova av 1274 fekk kvinner for første gong arverett, allemannsretten vart skriven inn i lov, og fattige som ikkje kunne brødfø seg sjølv skulle ikkje lenger straffast for å stele mat. Landslova bygde vidare på den gamle norske tingtradisjonen, samstundes som den var sterkt påverka av 1200-talet sitt tankegods i Europa.

02 Bibliotekar Guri Aarhus og utstilling X.jpg

I lunsjen baud 2KOSA på smaksprøver med havreflatbrød og jølstraaure etter inspirasjon frå fortellingane om Audun Hugleikson. Utstillinga i biblioteket står fram til haustferien. Mange klassar har alt prøvd seg på quizen til utstillinga, men her er det enno høve til å levere svar og vere med i konkurransen om fem premiar.

Frå utstilling om Landslova ved Førde vgs.