Føresette til russ ved Førde vidaregåande skule blir invitert til russeforeldremøte onsdag 22. januar kl. 19.00-20.30. Det er Førde vidaregåande skule v/ russestyret, leiing og miljøkoordinator som saman med samarbeidspartar i Sunnfjord kommune v/ SLT som inviterer til russeforeldremøte.
Tema: Trygg russetid 2025
19:00 – 19:15:
- Velkommen og informasjon ved rektor
- Velkommen og informasjon frå Sunnfjord kommune
- Informasjon om aktivitetar for russen på skulane ved miljøkoordinator
19:15 – 19:25:
Informasjon frå russen
19:25 – 19:40:
Informasjon frå Nok, overgrepsmottaket og helsesjukepleiarar
19:40 – 19:50:
Informasjon frå politiet
19:50 – 20:30:
- Informasjon og praktiske erfaringar frå russefeiring 2024 ved foreldrerepresentant
- Praktisk organisering og spørsmål frå russeforeldre 2025
- Lenke til arrangement:
Russeforeldremøte for avgangselevar på Førde vidaregåande skule, 2025