Lånekassen har opna nettsøknaden for studieåret 2024–2025. Sjå informasjon her til elevar og lærlingar om stipend og lån.
Elevar som har skuleplass, kan no søkje om stipend og lån på lanekassen.no:
Søknad om stipend og lån til videregående opplæring (lanekassen.no)
Dei som ikkje har skuleplass, må vente med å søkje til dei har bekrefta opptak.
Elevane kan sjølv sjekke kor mykje dei kan få
Elevane kan få hjelp i søkjeprosessen på lanekassen.no utan å logge inn eller sende søknad. Dei kan blant anna sjekke kor mykje pengar dei kan få frå Lånekassen på denne sida:
Videregående skole (lanekassen.no)
Lærlingar
Elevar som skal ut i lære kan også søkje om stipend og lån. Det vanlegaste stipendet lærlingar får, er bortebuarstipend.
Lærlingar får utbetalt stipend for 11 månader i året, i motsetnad til elevar i vanleg vidaregåande, som får utbetalt stipend for 10 månader.
På denne sida kan de sjekke kor mykje pengar de kan få frå Lånekassen:Lærling (lanekassen.no)
Vennleg helsing
Lånekassen