Kokkekamp for 9. klasse gjekk av stabelen på Førde vgs. 10. april. Det var 5 lag som deltok der Naustdal skule gjekk av med sigeren. Førde ungdomsskule kom på 2. plass og Halbrend ungdomsskule kom på 3. plass. Hovuddommar Ole Jonny Eikefjord var imponert over det høge nivået.
Kokkekamp 2024
Kokkekamp er eit samarbeidsprosjekt mellom Stiftinga Rekruttering til restaurant- og matfag, NKL Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret for hotell og matfag og Førde vidaregåande skule, avdeling restaurant- og matfag.
Her kan du sjå foto frå Kokkekampen:
Over: Foto frå arrangementet Kokkekamp, 2024. Fotograf: Bodil Erdalsdal