Torsdag 31. oktober deltok vg2-klassen på Sal, service og reiseliv (SSR) på Handelskonferansen i Førde - saman med kontaktlærar Anna Czarny. Handelskonferansen er eit årleg arrangement, med eit program som er svært relevant for programfaga på SSR. Både elevar og lærar opplevde denne dagen både som lærerik og veldig kjekk. Både det innhaldsrike programmet - og den gode maten som blei servert i løpet av dagen, blei sett stor pris på.
Over: Bilete frå Handelskonferansen. Foto: Anna Czarny
På programmet for dagen stod følgjande:
Opning
v/ Jenny Følling, ordførar i Sunnfjord kommune
Økonomi og framtid «Når verda plutseleg blir litt større»
Arne Sæterbakken, Sparebanken Sogn og Fjordane
”Vegen framover for handelsnæringa”
Bror William Stende, direktør for faghandel i Virke
John Helge Lunde, styreleiar Sunnfjord Utvikling
”Førde har i 40 år hatt status som Norges styggaste by. Den fortener eit betre rykte”
Irene Kinunda Afryie
Meir enn handel ”Kjøpesenterlandet – kjøpesenter som sosial arena”
Trond Ueland, einingsleiar Næring og samfunnsutvikling, Sunnfjord kommune
”Kultur og handel – hand i hand”
Cecilie Grydeland Lundsholt, teatersjef, Teater Vestland
Trivsel på jobb ”Arbeidsgivar sine strategiar for sjukefråværsarbeid»
Anders Rosø, fastlege i Sunnfjord kommune
”Arbeidsgivar sine rettigheiter ved sjukemelding”
Advokatfirmaet Tollefsen
”Rekruttering og trivsel på jobb”
Andreas Gloppholm Hjelle, kjøpmann Rema 1000 Øyrane
Salsleiing «Den høgaste kostnaden er inntektene du går glipp av»
Richard-Løvehjerte Rosendahl
Over: Bilete av elevar og lærar frå Sal, service og reiseliv ved Førde vgs som deltek på Handelskonferansen 31. oktober.