I regi av Ungt Entreprenørskap ved Eivind Husabø, vart det i år arrangert Jord- Fjord- Bord dag ved Restaurant og matfag, på Førde vgs. Det var eit yrande liv på kjøkkenet denne dagen. Ungdomsskule-elevar, elevar på vg1 Restaurant og matfag og frå vg2 Kokk og servitør jobba saman i team.
Opplæringskontor, faglærarar, rådgjevarar og ikkje minst viktige representantar frå Restaurant og matfag bransjen, bidrog til at dette vart ein lærerik dag. Sjå filmen frå dagen her: https://www.youtube.com/watch?v=d2wHQk1xWUU

Bileta over er henta frå filmen som er laga av Eivind Husabø- Ungt Entreprenørskap
Vel DU Restaurant og matfag så er du sikra:
- Eit praktisk yrke der du får bruke hendene dine til å skape, og vere kreativ.
- Ein bransje som er i vekst på mange måtar. Ein kan velje mellom 11 ulike retningar å gå etter vg1. T.d Bakeri, konditori, kokk og servitør, matproduksjon. Når det gjeld matproduksjon som kan ein velje å gå i lære innan ferskvarehandel, industriell matproduksjon, pølsemakerfaget, sjømatproduksjon, og slaktarfaget. Sjå meir på https://www.vilbli.no
- Det er mange, og ikkje minst allsidige lærlingplassar ein kan få i bransjen!
Vår oppfordring – Søk Restaurant og matfag!
Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Hilde-Joveig Ellingsund om du ynskjer informasjon om tilbodet på Restaurant og matfag.