Hopp til hovedinnhold

Medieelevar på foto- og filmoppdrag for Formannskapskonferansen i Loen

Torsdag 13. februar var elevane frå Vg3 medium og kommunikasjon og medielærar Ole Johnny Devik - på tur til Loen på eit foto- og filmoppdrag. Dei var hyra inn for å dokumentere Formannskapskonferansen på vegne av Invest in Fjordane. Invest in Fjordane er eit fellesprosjekt som er knytt til næringsetablering i regionen. Konferansen samla over 100 rådmenn, politikar og andre deltakarar over to dagar i Loen. 

Tekst: Ole Johnny Devik

Foto: Elevane i Vg3 medium og kommunikasjon, Førde vgs.

Elevane tok bilde og film av energiminister Terje Aaseland, toppsjefar i NHO og LO, og dekte innlegg av konsulentar og politiske leiarar.

02 Loen energiminister, intervju med fylkesordførar, og Loen rådmenn, Maksym.jpg

Over: Til venstre: Energiminister Terje Aasland. Til høgre: Intervju med fylkesordførar Jon Askeland. Nedst: Rådmenn på samlinga i Loen. Foto - Maksym Pylypenko, Vg3 medium og kommunikasjon ved Førde vgs.

Tema for konferansen var m.a. kraft, areal og omstilling. Viktige problemstillingar som lokal kompetanse, kraftproduksjon og globale investeringar frå utlandet vart presentert.

03 Foto fra Loen.jpg

Over: Foto frå Formannskapskonferansen i Loen 13. februar 2025. Bileta er tatt av elevar frå Vg3 medium og kommunikasjon ved Førde vgs

Elevane lagde film som oppsummerte konferansen, og tok bilete av samhandling og engasjement under konferansen. Deretter fekk elevane det som kanskje var høgdepunktet, - bufeet på Hotel Alexandra – før dei reiste heim til Førde på sein ettermiddag.

Fotografia og filmane til elevane har i etterkant vorte brukt av arrangøren i møte med interessentar, og blitt delt på sosiale medium. Elevane har fått gode tilbakemeldingar på arbeida.

For elevane var det ein spennande, lang og annleis dag – der dei fekk tatt ut kompetansen sin, i ei ny setting.

Jacob Skrøppa og fylkesordføraren.jpg

Over: Vg3-eleven Jacob Skrøppa intervjuar fylkesordførar Jon Askeland.

-Det var kjekt med ein tur til Loen, det var ein annleis, kjekk og lærerik dag. Eg fekk brukt mykje av kunnskapen eg har lært, samtidig som eg lærte endå meir, seier Jakob Skrøppa, Vg3 medium og kommunikasjon.