Hopp til hovedinnhold

Edvard Aamot gjorde det skarpt i andre runde i Kjemi OL og er vidare til den nasjonale finalerunden

Edvard Aamot (med blomar) saman med kjemiklassen

Den nasjonale finaleveka føregår ved Kjemisk institiutt ved Universitetet i Oslo 17. – 21. mars. Her får dei 18 beste i andre runde i Kjemi-OL ei veke med kjemikurs med høgt fagleg nivå før veka avsluttast med finalekonkurransen fredag 21. mars.

Tekst og foto: Hilde Aa Kvamsås

Den nordiske finalen går 2. - 5. juli  i Sverige, og den internasjonale finalen er 5. – 14. juli i De forente arabiske emirater.

02 Kjemi-OL våren 2025.jpg

Måndag markerte vi Edvard sin svært gode prestasjon med blomster og kake i kjemiklassen. Kaka var sjølvsagt dekorert med eit molekyl som burde vere eigna for eit slikt høve: dopamin.

03 Kjemi-OL våren 2025.jpg

Her er lenke til resultata frå 2. runde: Runde2-2025-urangert.pdf  

Vi gratulerer med framifrå resultat i andre runde og ønsker lukke til i finaleveka!