Hopp til hovedinnhold

Autorisasjonskurs for bruk av smågnagarmidlar

Kurset er for eigar og/eller leigar av landbrukseigedom som ønskjer å kunne nedkjempe smågnagarar (mus og rotteproblematikk) på eigen gard. Føresetnaden for deltaking er at ein har godkjent autorisasjonskurs i bruk av plantevernmiddel.

Oversikt

  • Maks. deltakerantall: 25
  • Kurslengde: 6 timer
  • Kompetansebevis: Etter bestått eksamen får ein autorisasjonsbevis for kjøp og bruk av gnagemiddel som krev særskild autorisasjon etter Forskrift om plantevernmiddel §8a.

 

Kursinnhold

  • Gnagarbiologi som kjenneteikn
  • livssyklus og skadeverk på landbrukseigedom
  • Integrert skadedyrkontroll som førebyggjande, mekaniske og kjemiske tiltak
  • Rodenticid og åtestasjonar
  • Kontroll og oppfølging

Kursmateriell: Kompendium frå Folkehelseinstituttet. Skadedyrforskrifta og lovverk.