Hopp til hovedinnhold

Konsekvens ved fråvær

Konsekvens

Elevar som har over 10% fråvær kan ikkje få karakter i eit fag. Faglærar har altså ikkje høve til å sette karakter i fag der eleven har over 10% fråvær. Er det dokumentert at fråvær skuldast grunnane i § 9-53 er organisert studiearbeid, skoleadministrative gjeremål eller religiøs høytid, skal dette ikkje telje med ved utrekning av fråværsprosent. Visma In School har verktøy for å handtere dette. 

Her finn du meir informasjon om fråværsgrensa (udir.no)

Varsling

Faglærar sender ut varsel når eleven nærmar seg 10% fråvær i eit fag. NB: Likevel om fråvær blir dokumentert, og til dømes ikkje skal telje med ved utrekning av fråværsprosent - så må læraren også ha eit fagleg grunnlag for å kunne sette fagkarakterar.

Fritak etter 10 dagars regelen

Elevar kan søkje frådrag for fråvær opp til ti dagar som kjem under reglane i § 9-53, forskrift til opplæringslova.