På skulebiblioteket er det aviser, tidsskrift, skjønnlitteratur på norsk og engelsk, faglitteratur, og teikneseriar som du kan bruke på skulen eller låne med deg heim.
Velkomen til skulebiblioteket
Her finn du oss
Biblioteket på skulestad Førde på Øyrane er i 2. etasje i S-blokka. På skulestad Mo ligg biblioteket i administrasjonsbygget. Om du som bur på internatet vil nytte biblioteket på kveldstid, kan du kontakte Anne Grethe i resepsjonen.
Boksøk og utlån
Samlinga er registrert i systemet Bibliofil. Du kan søkje på denne nettsida ved å skrive inn tittel eller emne du leitar etter. Og elles er det berre å ta kontakt, vi er her for å hjelpe dykk.
På biblioteket på skulestad Førde er det kome ei utlånsmaskin der ein skal logge seg på med FEIDE når ein skal låne noko. På Mo er det førebels best å ta kontakt med Anne Grethe i resepsjonen. Lånetid er 4 veker, men om du treng å ha det lenger er det berre å ta kontakt.
Nasjonalt lånekort
Biblioteka er eit landsdekkande gratis tilbod, som du kan bruka til å låne bøker og anna materiale der du bur eller frå andre bibliotek. Det er mogeleg å få nasjonalt lånekort som kan brukast i heile Noreg. For å få dette kan du registrere deg på Bibliotekkortet og lage deg ein digital brukar. Du treng ikkje Bibliotekkortet for å låne bøker på skulen, her bruker ein FEIDE-pålogging.
Lånekontrakt
Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt: https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker.
E-lån
E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Appen ein skal lasta ned heiter BookBites. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.
Ta kontakt dersom du ikkje får det til så prøver vi å hjelpe.
Kjeldekritikk og kjeldebruk
Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på at det du finn er riktig? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.
Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Under er det samla nettsider som kan hjelpa deg med dette
- https://www.sokogskriv.no/
- Kildekompasset - Kildekompasset Kildekompasset
- Nettvett -ei veldig god side om nettvett, tryggleik mm.
For å gjere arbeidet med kjelder lettare kan det vere nyttig bruke noko som hjelper deg å halde orden på kjeldene. Eit døme på dette er Zotero som kan lastast ned på maskina og fungerer som ei hjelp med å halde orden på referansar i teksten og kjeldelista bak i dokumentet.
Bibliotekar Førde
Guri finn du på bilbioteket i 2.etg. skulestad Førde på Øyrane
Guri Aarhus
BibliotekarBibliotekar Mo
Anne Grethe finn du i resepsjonen på Mo