Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er for deg som treng råd om helse og livet sine utfordringar. Førde vidaregåande skule har eigne kontor for helsesjukepleiar.

Skulehelsetenesta ønskjer å vere med å gi tilbod som kan fremje god helse og trivsel for elevane. Det kan vere gjennom individuell kontakt, i grupper, i klassesamanheng eller ved anna felles opplegg på skulen.

Skulehelsetenesta kan gje råd og rettleiing om alt som har med helse å gjere. Helsesjukepleiar har teieplikt.      

Generelle helsespørsmål kan vere

  • kosthald
  • samliv og seksualitet
  • prevensjon
  • kjønnssjukdomar
  • abortspørsmål
  • rusmiddel
  • vonde kjensler og tankar
  • psykiske problem som til dømes spiseforstyrringar, sjølvskading
  • graviditetstest
  • ein vaksen å prate med

Kontortid helsesjukepleiar skuleåret 24-25

Måndag

Anita Løkkebø: kl. 08.15-12.00  Mo

Wenche Bruland: kl.08.00-15.30 - Førde

Tysdag-fredag

Anita og Wenche kl.08.00-15.30 - Førde

Helsesjukepleiar

Skulestad Førde (Rom: A245)

 

Wenche Bruland

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar

Skulestad Mo
Skulestad Førde (rom A244)

 

Anita Erna Løkkebø

Helsesjukepleiar

Helsestasjon for ungdom

Førde rådhus, Hafstadvegen 42, 3. etasje

Tysdag:  15.00–17.00

Inga timebestilling, berre møt opp!

Tenesta er gratis!

Her finn du meir informasjon om Helsestasjon for ungdom