Hopp til hovedinnhold

Rådgjevarane våre

Skulen har tre rådgjevarar for Karriere og sosialpedagogisk rådgiving, og to rådgjevarar for individuelt tilrettelagt opplæring. I tillegg kjem støtte frå miljøkoordinator, OT, NAV-kontakt, PPT og helsetenesta. Desse vil kunne gi deg rettleiing om yrkesval og karriere, tilrettelegging, og hjelp knytt til sosiale eller personlege vanskar.

Arbeidsfelta for Elevtenesta:

Elevtenesta har som hovudformål gå gje vegleiing til karriereplanlegging gjennom informasjon og rettleiing om yrke og utdanning. 

Vidaregåande opplæring (VIGO)

Elevane får i samarbeid med kontaktlærar informasjon og rettleiing i høve val av studieretning, linje og fag. Elevar som skal halde fram i vidaregåande skule, får rettleiing og hjelp til å søkje Vigo på internett. Vilbli gir nyttig informasjon om vidaregåande opplæring.

Hospitering for 9. og 10. klasse

Skulen tek imot elevar til hospitering som ein del av grunnskulen sitt fag "utdanningsval". Elevane får prøve ut to ulike programområde, eitt om våren i 9. kl. og eitt om hausten i 10. kl. Hospiteringa går over to dagar.

Fagutdanning og studieførebuande

Elevar som avsluttar vidaregåande skule og skal søkje fagutdanning eller studieførebuande får i samarbeid med kontaktlærar, informasjon og rettleiing om utdanning og yrkesval.

Rådgjeving på nett

Skulen kan gi tilbod om rådgjeving på nett. Elevane kan rette spørsmål til ein av rådgjevarane. Skulen har også utarbeidd ei lenkesamling til elevane. Sjå under

Sosialpedagogisk rådgiving

Er å gje råd og hjelp dersom du har personlege og sosiale vanskar. Å gje råd og hjelp når du har vanskar med skulearbeidet. Å formidle kontakt med andre institusjonar og spesialistar om du treng det. Skulen har også helsesøster på plass fleire dagar i veka. 

Velkomen til "INFO-TORGET" ved Førde vidaregåande skule

Her kan du finne informasjon om yrke og utdanning (YoU). Ved å klikke på lenkene under, kjem du rett inn på aktuelle nettsider, som gir informasjon om fag, studium og lærestadar, samt studiefinansiering. Dersom du ønskjer å gjennomføre yrkes- og interessetest, ligg det og lenker til dette.

Generell info om yrke og utdanning:

Vidaregåande opplæring

Ny struktur i vidaregåande opplæring ”Kunnskapsløftet”: www.vilbli.no

Høgare utdanning — Universitet/høgskule

  • www.samordnaopptak.no Gir informasjon om opptak til høgare utdanning i Noreg, oversikt over studium og lærestader, reglar i høve opptak, poenggrenser m.m.
  • www.skoletest.no Gir info om fag og lærestader i Noreg.
  • www.studenttorget.no Er Noreg sin største studentportal - nyttig informasjon og tenester for alle som studerer eller skal til med studiane.
  • www.studievalg.no Skuleoversikt for utdanning i Noreg og utlandet.
  • www.studentum.no Skuleoversikt for utdanning i Noreg og utlandet.

Jobb/utdanning i utlandet

Desse lenkene gir info om høgare utdanning i dei fleste land; utdanningssystem, søknadsprosedyrar, godkjenning, finansiering, visum, opphaldsløyve, sjukeforsikring, butilhøve-og moglegheiter, adresser og lenker:

Andre utdanningar

Finansiering

Yrkes- og interessetestar

Karriererettleiing

Rådgjevar

Karriere og sosialpedagogisk rådgjeving

Ansvar for avd. TIF/HO/RM/SSR og EL

Inger Helen Savland

Rådgjevar
Ingerhelen.jpg

Rådgjevar

Karriere og sosialpedagogisk rådgjeving

Ansvar for: 1STC, 1STD, 2STA, 2STB, 3STA, 3STB, 3STC, 1MKA, 2MKA, 3MKA, 1KDA, 2KDA, 3KDA  

Linda Størseth Hvidsten

Rådgjevar
Linda S. Hvidsten

Rådgjevar

Karriere og sosialpedagogisk rådgjeving

Ansvar for Bygg- og anleggsteknikk (vg1), Tømrar (vg2), Naturbruk vg1, vg2 og vg3, og for 1STA, 1STB, 2STC, 2STD, 3STD, 3PBA, 3PBB, 4PBA 

Are Gunnar Korsvoll

Rådgjevar
Are Gunnar Korsvold

Rådgjevar

Rådgjevar for individuelt tilrettelagt opplæring

Ellrun Enny Aarseth

Rådgjevar for individuelt tilrettelagt opplæring
Ellrun Enny Aarseth

Rådgjevar

Rådgjevar for individuelt tilrettelagt opplæring

Hilde Lauritsen

Rådgjevar for individuelt tilrettelagt opplæring
Hilde Lauritsen