IPS Ung er eit lågterskeltilbod for ungdom i alderen 16-30 år.
IPS ung er eit tilbod i samarbeid med NAV og helstetenesta. IPS Ung er jobbstøtte til ungdom med funksjonsnedsetting knytt til sosiale ferdigheiter, rus, familie/nettverk og psykiske lidingar. Målet er å hjelpe ungdom til å fullføre utdanning ved å karriereretteie og hjelpe ut i læreplass eller ordinært løna arbeid.
Tilbodet er frivilleg og kandidaten skal sjølv vere motivert til å få denne oppfølginga.
Føresette må samtykke dersom kandidat er under 18 år.
Det fins inga tidsavgrensing på tiltaket, tilbodet gjeld so lenge kandidat og arbeidsgjevar ynskjer oppfølginga. IPS jobbspesialistane jobbar etter ein metodikk kor ein tidleg kartlegg ungdommen sine ressursar og ynskjer, samt hjelp dei å finne rett arbeid/læreplass, i samarbeid med Elevtenesta og NAV.
Kontakt
Har du spørsmål? Ta kontakt
Kontakt
Har du spørsmål? Ta kontakt.