Hopp til hovedinnhold
Illustrasjonsbilete av skulebygningen på avd. Mo, og eit interiørfoto frå Førde vgs. Det er også eit foto av skulebygningen i Førde sentrum, til Førde vgs. Foto: LINK arkitektur

Skal du søkje i Høyanger?

Elevar som skal søke på utdanningstilbod i Høyanger skuleåret 2026-2027 må søkje Førde vgs, avd. Høyanger i "VILBLI".
Førde vgs

Om Førde vidaregåande skule

Velkommen til heimesida vår! Førde vidaregåande skule er geografisk delt, med skuledrift på Mo, i Førde sentrum og i Høyanger. Vi har høge ambisjonar for læring og utvikling, og vi ønskjer å legge til rette for eit trygt og godt læringsmiljø der du som elev får utvikle deg både fagleg og sosialt.

Aktuelle saker

19.01.2026

Viktig informasjon angåande endring av praksis for søkjarar med individuell behandling

I vedlegget finn du informasjon som gjeld søknad med frist 1. februar med individuell behandling etter § 4-20/§ 4-13(§4-26) i opplæringsforskrifta.

14.01.2026

Nimenrix – Vaksine som beskyttar mot smittsam hjernehinnebetennelse

Ungdom ved Førde vidaregåande skule vil få tilbod om vaksinen. Vaksinen blir gitt i skuletida, er frivillig å ta og er gratis. Det er ikkje nødvendig å melde seg på for vaksinering, kvar Vg1 klasse blir tildelt tidspunkt. Ungdom som har tatt vaksinen...

07.01.2026

Informasjonskveldar på Førde vidaregåande skule for elevar og føresette i 10. klasse

I samband med innsøking til vidaregåande skule inviterer vi 10. klassingar med føresette til open kveld. Det blir informasjonsstand for dei ulike utdanningsprogramma, kort informasjonsmøte, og høve til å besøke dei ulike undervisningslokala. Vi vil o...

06.01.2026

Invitasjon til foreldremøte for russ 2026 onsdag 14. januar

Førde vidaregåande skule inviterer, saman med samarbeidspartar i Sunnfjord kommune og politiet, til russeforeldremøte onsdag 14.01. kl. 19:00 – 20:30 ved Førde vidaregåande skule.

15.12.2025

Årets julesending frå Medium og kommunikasjon - sjå den på aktivitetsdagen

Etter tre veker med arbeid har Media og kommunikasjon spelt inn årets julesending. Alle tre medieklassane har bidrege med innhald, medan 3MKA har stått for innspelinga i studio, og intervju av gjestar - deriblant ordførar Jenny Følling.

09.12.2025

Tilbod om motorsagkurs og autorisasjonskurs i bruk av plantevernmiddel, ved Mo kurssenter på nyåret

13.11.2025

Jul i Stallgata

Førde vgs., skulestad Mo 29. og 30. november og 6. og 7. desember. Frå klokka 16.00 - 19.00. Riding og køyring med hest. Hopp i høyet. Sal av gløgg, graut, kakao, gardsprodukt mm. Kos med dyra. Inngang: 25 kr. Parkering på travbana.

02.11.2025

Karoline frå 3STD vidare til andre runde i Biologi-OL

Alle elevane i biologi 2 har delteke i første runde av biologiolympiaden, og Karoline Helgås Helleseth har kvalifisert seg til andre runde.

29.10.2025

Elevundersøkinga 2025

Elevundersøkinga for 2025 skal gjennomførast i perioden 3.-14. november. Her finn du meir informasjon om elevundersøkinga.

22.10.2025

Hospitantar frå tiande klasse - tusen takk for besøket!

Måndag og tysdag 20. og 21. oktober fekk vi besøk ved Førde vgs av rundt 440 hyggelege hospitantar frå tiandeklasse. Har du lyst til å sjå kva hospitantane gjorde under utdanningsval? Her kan du finne informasjon og foto frå desse dagane.

20.10.2025

Motorsagkurs på Mo 14. og 15. november

Kurset gir bevis for 15- timars dokumentert opplæring i bruk og stell av motorsag jf. Forskrift §10-2 dokumentert sikkerheitsopplæring. Fredag ettermiddag og laurdag.

17.10.2025

Kurs masseforflyttingsmaskiner på Mo hausten 2025

15.10.2025

ViteMeir med vitenshow på Førde vgs

ViteMeir besøkte Førde vgs tysdag 14. oktober med vitenshow. Auditoriet var omgjort til naturfagsal og gjennom ulike eksperiment skulle vi få innsikt ulike fysiske fenomen.

13.10.2025

"Spør først", eit undervisningsopplegg for Vg1-klassane

«Spør først!» er eit undervisningsopplegg for barn og ungdom, der målet er førebyggje seksuelle overgrep og fremje ei trygg og positiv tilnærming til seksualitet. Opplegget er forankra i skulehelsetenesta og vert halde for barneskule, ungdomsskule og...

03.10.2025

Velkommen til utdanningsval ved Førde vgs måndag og tysdag 20. og 21. oktober

Kjære hospitant! Vi er glad for å kunne ønske deg velkommen til utdanningsval ved Førde vidaregåande skule i veke 43, måndag og tysdag 20. og 21. oktober. Du vil på denne sida finne informasjon og program knytt til dei ulike programområda ved skulen....

03.10.2025

Skuleoppdrag knytt til VM i vektløfting

Førde vidaregåande skule fekk i oppdrag å lage eit skilt i forbindelse med VM i vektløfting. Skiltet skulle lyse opp om natta, og kunne bli sett frå sentrum.

28.09.2025

Førde vgs markerer utvandrarjubileet

Førde vgs markerer 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika med utstilling i biblioteket og fagdag tysdag 30. september. I utstillinga i biblioteket kan du lære om dei første utvandrarane, om utvandringsbølgene på 1800-talet, om kvifor dei reiste...

25.09.2025

Open skule og Førde ungdomsklubb

Kvar måndag gjennom skuleåret har vi open skule på Førde vgs. Der blir det servert gratis middag frå kl 15.15, og miljøkoordinatorane er på skulen fram til kl 17.00. Her kan ein vere sosial, jobbe med skulearbeid eller anna. Tilbodet er godt brukt, o...

21.09.2025

Feltarbeid i Bulandet

Biologi 2 ved Førde vgs på feltarbeid i Bulandet tiande og ellevte september.

10.09.2025

Opera og debatt om miljø

Tysdag 9. september fekk elevar på studieførebuande programområde ved Førde vgs delta på Miljøoperaen BLÅ, ein nordisk kammeropera. Operaen BLÅ bygger på ein roman av Maja Lunde som omhandlar vatn og klimaendringar.

Frå skuleframsyning for elevar ved Førde vgs av Opera Blå